Treningsløp onsdag 12. august

Postet av Endre Ulsaker den 10. Aug 2020

Haustsesongen startar med treningsløp frå Huso fjellgard onsdag 12. august kl. 18. Det er merka frå Rv. 52 ved Ulsåk. Fam. Mestvedthagen er arrangør og som vanleg er det 4 ulike løyper. 

Heile terminlista finn du her: Terminliste 2020.pdf

Vi minnar om dei viktigaste smittevernreglane:

  • Det er ingen stempling på nybegynnerløypa. Deltakarane noterer kode som står på postane.
  • Valfri stempling på dei andre løypene, men alle som brukar brikke må vaske hender og brikke med sprit før start.
  • Vask hendene før og etter at du har vore på trening. Håndsprit er tilgjengeleg på løpet.
  • Manuell tidtaking er mogleg
  • Innbyrdes avstand skal være minimum 1 meter. Hugs spesielt på dette før og etter løpet.
  • Det er ikkje lov å vere meir enn 5 personar i ei gruppe og desse skal halde god avstand, så sant dei ikkje er i same familie.
  • Det blir ingen servering av frukt og drikke. Deltakarane tek med eigen drikkeflaske.
  • Personar i karantene eller med symptom på sjukdom skal ikkje delta.



0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline