Hovedløpet 1. og 2. august

Postet av Endre Ulsaker den 4. Aug 2020

Hovedløpet er NM for 14, 15 og 16-åringar. Årets løp gjekk i Lørenskog utanfor Oslo med vanleg skogsorientering på laurdag og sprint på sundag. I år var Erlend einaste deltakar frå Hemsedal. Erlend sprang inn til premieplass (beste tredjedel) begge dagane og var godt fornøgd med det. Han vart nr. 16 på langdistansen og nr. 20 på sprinten av totalt 63 startande.

Meir informasjon: http://www.ostmarkaok.no/hl2020/ 

 Erlend på veg til nest siste post på langdistansen.

Snø som detalj på siste post er heller uvanleg! Mål var på utsida av SNØ (Innandørs skisenter i Lørenskog).



0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline