Resultater treningsløp 1. juli
Postet av Endre Ulsaker den 1. Jul 2020
Siste løpet før ferien gjekk onsdag 1. juli. Familien Hulbak hadde lagt fine løyper i det krevjande og bratte terrenget ovanfor Hulbak. Det deltok i alt 44 løparar på dei tre løypene.
På lengste løypa vart det siger til heimefavoritten Sigurd, etterfulgt av Neil og Jakob. Den nest lengste løypa vart vunne av Miriam og Idunn.
Resultatliste finn du her: Resultater treningsløp 1. juli.pdf
Neste løp er ikkje før onsdag 12. august, med start frå Huso fjellgard. Viktig å halde formen vedlike i sommar. Bruk gjerne tur-o postane som Neil har hengt ut som trening.
Om du spring med GPS-klokke (eller telefon) kan du laste inn løpet ditt på https://www.livelox.com/ under "min klubbs arrangementer". Då kan du og alle andre sjå løpet ditt og samanlikne med andre løparar som legg inn løpet sitt. Veldig lærerikt! Du må opprette ein brukarkonto på eventor Norge om du ikkje har dette. Ta kontakt med Neil om du har spørsmål.
Kjekt å ha tak over hovudet når det plutseleg kjem ei lita haglskur:
0 Kommentar
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Endre Ulsaker

O-avslutninga 13. november er utsett
11/7/2020

Avslutningskveld fredag 13.11 kl. 18
10/21/2020

Resultater nattorientering 23. september
9/22/2020

Øystein Sørensen vann Hemsedalsløpet
9/19/2020

Startliste og PM til Hemsedalsløpet
9/18/2020

Resultat Hallingtreffen 16. september
9/15/2020