88 deltakarar på o-løp på Tuv

Postet av Endre Ulsaker den 11. Jun 2020

Den gode deltakinga held fram. 88 løparar stilte til start på Tuv onsdag 10. mai. Knut Terje var løypeleggjar.

Det var veldig tett i toppen på dei to lengste løypene. Vinnar på lang løype vart Jakob M., som var minuttet før Yngve. Like bak desse to hadde vi to spreke damer, Marie og Marte.

På mellomlang løype var det under minuttet mellom dei tre fyrste, Erlend, Kjell og Terje.

Resultatliste finn du her: Resultater teningsløp Tuv 2020-06-10.pdf

Om du spring med GPS-klokke (eller telefon) kan du laste inn løpet ditt på https://www.livelox.com/ under "min klubbs arrangementer". Då kan du og alle andre sjå løpet ditt og samanlikne med andre løparar som legg inn løpet sitt. Veldig lærerikt! Du må opprette ein brukarkonto på eventor Norge om du ikkje har dette. Ta kontakt med Neil om du har spørsmål.

Neste o-løp er frå Fuglehaugen 17. juni. Litt lenger å køyre, men veldig fint o-terreng!

Under ser vi vinnar på lang løype, Jakob, i diskusjon med Sigurd etter løpet.












0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline