Kategori
Arkiv
Startliste Gravsetrennet 2018
Postet av Hemsedal IL den 24. Nov 2018
Laurdag 1. desember er det klart for årets Gravsetrenn. Rennet inngår også i SpareBank 1 cupen og går denne gongen i FRISTIL. Fyrste start er kl. 12. Det er lagt kunstsnø i 1 km og 2 km rundane. Her er det fine forhold og det er desse rundane som vert nytta på rennet, då det er kome for lite natursnø til at vi kan bruke dei lengre rundane.
Til og med 10 år går 1 km og har 20 sek. startintervall.
11 og 12 år går 2 km og har 20 sek. startintervall.
13 og 14 år går 2 km + 1 km og har 30 sek. startintervall.
15 år, 16 år, og kvinner 17 år og eldre går 2 km + 2 km + 1 km og har 30 sek startintervall.
M17 og eldre går 2 km + 2 km + 2 km + 2 km + 2 km og har 60 sek. startintervall. Dette for å unngå at det blir for mange løparar samtidig i 2 km runden.
Sjølv om vi brukar nesten 3 timar på startinga, kjem det til å bli tett med løparar i løypa, så vi oppfordrar til god sportsånd og at de er flinke til å sleppe forbi dei som kjem bakfrå.
Oppdatert startliste Gravsetrennet 2018.PDF
Ordinær påmeldingsfrist var onsdag 28.11 kl. 23.59.
Vel møtt!
Invitasjon til Gravsetrennet 2018.pdf
(Løypekart Gravsetrennet.pdf NB! Der er berre 1 km og 2 km rundane som vert nytta)
0 Kommentar
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.